Takk for meg!
Etter fire år og 100 kampar er det på tide å sende stafettpinnen vidare.
2025 vart igjen en tøff sesong som ikkje enda heilt slik vi hadde håpa. Det vart ekstra frustrerande når verken rygg eller helsa spelte heilt på lag for min eigen del. Eg rakk uansett nokre innhopp på slutten som sikra 100 kampar for klubben, men det vart også det siste eg gjorde i Skeid-drakt.
Det har vore fire innholdsrike år med et lass av både utfordringar som eg har lært mykje av, men også enormt mange gode opplevelsar og nye vennskap som eg tek med meg vidare i livet. For meg er uansett bekjentskapa og dei gode opplevelsane utvilsomt det viktigaste eg sit igjen med, noko eg set stor pris på.
Kva 2026 og framtida bringer er fortsatt noko usikkert, men først og fremst skal eg kjenne på overskudd og at kroppen fungerer, i tillegg til å halde fram med jobb og studier.
Eg kjem nok uansett til å følge med på Skeid og ønsker klubben alt det beste vidare. Tusen takk til alle dei gode folka eg har møtt på veien - ingen nevnt, ingen glemt. Plutselig sjåast vi igjen.
Sasasa og takk for meg!